Jippi! Då er er vi på blogg, og det var på tide! Vi håpar at dette kan bli ei betre plattform for butikken vår enn fb sidan vi her kan gjere som vi vil. :) Som dykk sikkert har skjønt så er det ganske strenge reglar for oss butikkar på fb. Med tanke på konkurransar, salg og prisar på produkta våra. Så her vil vi legge ut slik informasjon. Håpar virkelig at vi får mange følgera og at dette kan bli ei bra side der alle gamle og nye kundar kan følge med på kva som skjer på Stella.
Vi har nettopp vore på messe i Oslo, og vi har funne så utrulig mykje fint til neste sesong!
Vi er heilt overvelda og rett og slett litt i skyene etter denne helga. Det vil nok skje litt utskiftningar på merkene våra til hausten, nokre vil forsvinne og nye vil melde sin ankomst..Dykk skjønnar kanskje litt av teikninga når bildekarusellen visast lengre nede på sida..Og det er berre en pitteliten smakebit..Enjoy!
Dei forskjellige agentura hadde mykje godt å tilby oss godtesjuke damer..
Lure på kor mange kaloriar vi fekk i oss pr. møte..
Det var ivertfall ikkje lite..
Så mykje flotte klokker er bestillt!
Finaste partyskoen, og den sitter utrulig godt på!
Stylesnobb..
Marita og Karianne på 2nd Day, vårt nye og fantastiske kule merke!
say no more..
JA! Vi får Debbie til hausten!
Ti Mo kjem med Cashmere..My personal favorite..
Men no er det Våren som står for tur..Mange deilige vårplagg melde sin ankomst til butikken no i fine pastellar..Vi skal legge ut vårens og sommarens plagg og tilbehør dei neste dagane :)